|
Jegerprøvekurs
dei to første helgene etter påske
Kurset
er obligatorisk for alle nye jegrar, og går over 30 timar med teori
og praktisk øving
Stad:
Alversund skule og Lindås skytebane.
Tid:
Veke 16: Fredag 17. april . kl. 18.00- 21.00
på Alversund skule, laurdag 18. april kl.09.00 – 15.00 og søndag19
april kl. 09.00 – 15.00
Veke
17: Fredag 24. april kl. 18.00 -21.00, laurdag 25. april kl.09.00-15.00
på Lindås skytebane, og søndag 26. april kl.09.00
–16.00
Eksamen:
Søndag 26.april kl.14.00
Pris:
2.200 kr for personar frå 25 år, 1.800
kr for personar yngre enn 25 år.
I
tillegg kjem lærebok (ca 3 –400 kr) og eksamensavgift til staten
på 250,-
Hovudinstruktør:
Bjørnar Dalseng
Vidare
informasjon om jegerprøvekurset kan du få ved å venda
deg til
Bjørnar
Dalseng :
Tlf:
56 37 21 46 / 975.40.311
Eller
til:
Jakt
og Fritid- butikken i Knarvik.
Du
kan melda deg på over telefon,eller senda ein E-post med påmelding
til:
bjodals@online.no
Jegerkurset
har avgrensa tal deltakarar, og opptak til kurset vert gjort etterkvart
som deltakarane melder seg på.
Vel
møtt til jegerprøvekurs.
Helsing
Nordhordland Jakt og Fiskelag
Jegerprøvekurs
Orientering om jegerprøven / jegerprøvekursa
til Nordhordland Jakt og Fiskelag.
Jegerprøvekurset:
Alle som skal driva jakt eller
fangst må vera registrerte i jegerregisteret.For å verte registrert
som jeger må du avlegga jegerprøven.For å kunne avlegga
jegerprøven må du delta på eit jegerprøvekurs
i regi av ein friviljug opplæringsorganisasjon. Kurset går
over 30 timar.På grunn av det spesielle opplegget der vi avviklar
kurset over 2 helger,vert det obligatorisk frammøte til alle kursøktene.Grunnen
til det konsentrerte opplegget er at vi har mange skift- og nordsjøarbeidarar
som deltar på kursa våre,og dei har vanskar med å delta
på kurs som går over lengre tidsrom.Aldersgrensa for å
ta jegerprøven er 14 år.
Kurstidene 1.veke: fredag kl.18.00 – 21.00 lørdag: kl.09.00
– 15.00 og søndag kl.09.00 – 15.00
2.veke:fredag kl.18.00 – 21.00 lørdag:utedag kl.09.00 –
15.00 og søndag kl.09.00 – 15.00
Eksamen: Søndag 2. veke. kl.14.00
Eksamen består av 50 oppgåver der du skal krysse av rett svar
mellom 3 alternativ.
For å bestå eksamen
må du ha minst 40 rette svar.Du får 1 time til eksamenssvaret
og det blir retta så snart du har levert.Berekne deg tid fram til
omlag kl. 16.00 før alt er ferdig og du har fått bevis for
bestått eksamen.Dersom du ikkje består eksamen,vert det avtalt
tid for ny prøve der og då.Du betaler ikkje ekstra for eitt
ekstra forsøk,men dersom du stryk igjen,må du betale ny eksamensavgift
til staten.
Lærebøker:Det er to godkjente lærebøker til
jegerprøven: Jegerprøveboka og ABC til Jegerprøven.
Jegerprøveboka er den mest omfattande og dyraste,og kjem oftast
i nye opplag. ABC til Jegerprøven er litt mindre omfattande,men
har den store fordelen at dei bileta av fuglar og dyr som er gjengitt
i den,er dei same som dei bileta som vert nytta til eksamen.Begge bøkene
er grundige og gode.Mange vel ABC-en av di den er lettast å lesa
og litt rimelegare enn Jegerprøveboka.Dei som nyttar Jegerprøveboka
kan få Wiggo Ree si feltbok av meg.Det er bilete frå denne
boka som vert nytta i eksamensoppgåva.
Internett: På www.njff.no finn du 3 av hovudemna,artskunnskap,hundar
og lovar. Gå inn på heimesida til NJFF og finn ikonet Jegerprøven.Klikk
deg inn på det og følg instruksjonane.Det er ein stor fordel
å jobba godt med desse tre emna før kurset.Du finn også
forskjellige testar dersom du nyttar søkarordet «jegerprøven»
på internett.Alle emna vert gjennomgått på kurset.
Emne på jegerprøvekurset: Her er nokre av dei emna som vert
tatt opp på kurset:
Jakt og haldningar.Jaktutøvinga slik at samfunnet kan akseptere
den.Reglar for human jakutøving.
Våpen,ansvar og krav.Korleis eit våpen er oppbygd og fungerer.Reglar
for sikker jaktutøving.Ammunisjon og sikkerheitssonar.Krav til
jaktammunisjon.Bruk av kart og kompass.Kva er GPS?Jaktutstyr og utstyr
for ivaretaking av viltet.Artskunnskap fuglar og pattedyr.Dei forskjellige
jakthundrasane og deira bruk.Aktuelt lovverk som regulerer jakta og bakgrunnen
for dette lovverket.Teori om skyting med hagle og rifle.Feller og fangst.Jakt
og jaktformer på småvilt og storvilt.Ettersøk av skadd
storvilt.Ivaretaking av felt vilt.
Praktisk øving med rundløype der ein tar opp emna transport
og oppbevaring av våpen og ammunisjon,bekledning,postplassering
avstandsbedømming mm.
Innskyting av haglgevær.
Skyting med hagle og salongrifle der ein får instruksjon av erfarne
jegrar / skyttarar.
Tid for jegerprøvekurset våren -09: veke 16 og veke 17,det
vil seia fredag _17.04 laurdag18.04,søndag 19.04 og fredag_24.4_laurdag
25.04_og søndag26.04 _31.08_
Eksamen:Søndag 26.april kl.14.00
Kurspris senior(25 år eller meir)_2.200_kr. Kurspris junior(under
25 år)_1800_kr.
Eksamensavgift til staten:__250 kr kjem i tillegg til kursavgifta og læreboka
kostar omlag 400kr.
Stad: Alversund skule for teori og Lindås skytebane for praktisk
opplæring.
Påmelding til: Svein Hjelmtveit:tel: 56 35 08 58 , Andre Michelsen
tel: 56 37 21 02 ,Bjørnar Dalseng tel: 56 37 21 46 eller Nordhordland
Jakt og Fritid a/s Tel:56 35 82 eller direkte i butikken.
Eksamenstips:
Det er ofte slik at mange av feila kjem i artskunnskapen,dvs.kjennskap
til dei ymse dyre og fugleartane.I eksamensoppgåva er det alltid
10 bilete der du skal identifisere forskjellige dyr og fuglar.Det lønner
seg difor å nytta tid på å læra seg dei mest vanlege
jaktbare artane.Særleg kan det vera vanskeleg å kjenna att
dei ymse ande- og gåseartane,og hugsa kva artar som har jakttid
og kva artar som er totalfreda.
4 oppgåver er teikningar av jaktsituasjonar der du skal avgjera
om det er sikkert eller lovleg å løysa skot .Ver særleg
obs. på desse situasjonane: dyr i flokk,mordyr og kalv,dyr i fart,utrygg
bakgrunn,jegrar som kan treffa kvarandre,bruk av motorkjøretøy
til jakt.Skyt berre på frittståande dyr(hjortedyr) i ro,med
sikker bakgrunn,og med dyret i slik stilling at du har 100%muligheit for
treff i hjarte / lungeregion.
Andre spørsmål som ofte finst i eksamensoppgåvane er
td. Definisjon på vilt (kva dyregrupper kjem inn under viltomgrepet),oppbevaring
og transport av våpen og ammunisjon,reglar for bruk og opptak av
hund,jaktrett,modningstid for viltkjøtt.
På kurset kjem vi til å arbeida med alle desse emna gjennom
førlesning,gruppearbeid,og arbeid med oppgåver.
Skulle du lura på noko i samband med jegerprøvekurset kan
du godt kontakta instruktøren,anten på telefon ellerpå
e-post.
På vegner av Nordhordland Jakt og Fiskelag:Vel møtt til jegerprøvekurs.
Helsing
Bjørnar Dalseng
jegerinstruktør
Bjørnar Dalseng,
5939 Sletta
Tel: 56 37 21 46 / 97 54 03 11
E-post:bjodals@online.no
|